Depresjonsmeistringskurs for vaksne (KiD)

Kjenner du deg nedstemt eller deprimert? Kurset i depresjonsmeistring (KiD) er for deg som vil lære å handtere tunge periodar i livet på ein betre måte.

Kva er målet med kurset?

Kurset gjev deg verktøy og teknikkar for å:

  • redusere graden og varigheita av depresjon
  • førebyggje nye depressive periodar
  • endre tankemønster og handlingsmønster som held oppe nedstemtheit

Kva lærer du?

  • Korleis tankar, kjensler og åtferd påverkar kvarandre
  • Kognitive teknikkar for å bryte negative tankemønster
  • Praktiske øvingar og heimearbeid mellom samlingane

Vanlege symptom på depresjon

  • Fråvær av glede, kjensle av nedstemtheit
  • Sosial tilbaketrekking og inaktivitet
  • Nedsett sjølvkjensle og kjensle av verdiløyse
  • Konsentrasjonsvanskar og minneproblem
  • Søvnvanskar og uro
  • Grubling og irritabilitet

Kven passar kurset for?

Kurset er for deg som:

  • har mild eller moderat depresjon
  • kjenner deg nedstemt på ein måte som påverkar livskvaliteten
  • er over 20 år og klar for å gjere ein innsats sjølv

Korleis er kurset lagt opp?

Illustrasjon: Ann Fiske, Rådet for psykisk helse
  • Kurset går over 10 veker
  • Éi samling i veka, 2,5 time kvar gong
  • Du får kursbok og jobbar med øvingar mellom samlingane
  • Kurset er utvikla av fagpersonar og byggjer på kognitiv metode
  • Det tek utgangspunkt i boka Kurs i mestring av depresjon og vert distribuert av Rådet for psykisk helse

Informasjon til tilvisande lege eller behandlar

  • Målgruppa er personar med milde til moderate symptom på depresjon
  • Kurset passar ikkje ved rusproblematikk, sjølvmordsfare eller psykoselidingar
  • Det kan nyttast åleine eller i kombinasjon med medikamentell behandling og/eller samtaleterapi
  • Deltakarar må ha evne til å konsentrere seg og følgje opp kurset

Pris

Du finn prisoversikta her:

Prisoversikt

​Påmelding og oppstart

For å delta på kurs eller få oppfølging, må du først ha ein oppstartssamtale med frisklivskoordinator.
I samtalen finn me saman ut:

  • kva du treng og ynskjer
  • kva mål du har for livsstilen din
  • kva oppfølging som passar for deg

Etter samtalen vert det avgjort, i lag med deg, om du får tilbodet.

Kontakt oss

Telefon: 906 73 035 
E-post: friskliv@voss.herad.no

Du kan også lese meir hjå Rådet for psykisk helse: Rådet for psykisk helse