Kvardagsglede kurs

Vil du oppleve meir glede og meistring i kvardagen? Kurset Kvardagsglede gjev deg inspirasjon og verktøy for å styrke di psykiske helse og livskvalitet – gjennom fem enkle grep du kan bruke i kvardagen.

Kva handlar kurset om?

  • Du lærer om fem viktige grep for å fremje psykisk helse og førebyggje psykiske plager
  • Du får tid til å reflektere over kva som gjev deg glede og meining
  • Du får øvingar og inspirasjon til å ta små steg i kvardagen som kan gjere ein stor forskjell

Målet med kurset

  • Auka livsmeistring og livskvalitet
  • Meir glede og meistring i kvardagen
  • Styrka psykisk helse gjennom enkle, praktiske grep

Kven passar kurset for?

Kurset er for deg som:

  • ynskjer inspirasjon og råd for ein betre kvardag
  • vil lære teknikkar for å styrke eiga psykisk helse
  • ikkje nødvendigvis har psykiske plager, men ønskjer å førebyggje

Merk: Kurset er ikkje terapi og passar ikkje for deg som treng hjelp med sorg, depresjon eller tunge belastningar – men det kan likevel vere til støtte i ein krevjande kvardag.

Korleis er kurset lagt opp?

  • 6 kursdagar
  • Kvar økt varer i 2 til 2,5 time
  • Etter kvar samling får du ei øving til neste gong, basert på eigne erfaringar
  • Kurset er utvikla av Rådet for psykisk helse i samarbeid med Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, spesialpedagogar og Frisklivssentralar.

Pris

Du finn prisoversikta her:

Prisoversikt

​Påmelding og oppstart

For å delta på kurs eller få oppfølging, må du først ha ein oppstartssamtale med frisklivskoordinator.
I samtalen finn me saman ut:

  • kva du treng og ynskjer
  • kva mål du har for livsstilen din
  • kva oppfølging som passar for deg

Etter samtalen vert det avgjort, i lag med deg, om du får tilbodet.

Kontakt oss

Telefon: 906 73 035 
E-post: friskliv@voss.herad.no

Du kan også lese meir hjå Rådet for psykisk helse: Rådet for psykisk helse