MediYoga

Ynskjer du deg ein fredfull og enkel treningsform som kan hjelpa deg med å redusera effektane av for mykje stress? MediYoga er eit enkelt og effektivt verktøy for stressreduksjon. 

MediYoga (medisinsk yoga) er ein roleg og skånsam form for yoga som er testa i studiar for å trygt kunna utførast av dei fleste- og særleg for deg med nokre helsemessige utfordringar.

MediYoga er ein medisinsk og terapeutisk yogaform med fokus på klinisk praksis og forsking. MediYoga kan gjerast liggande, sitjande, sakta, aktivt, kort og langt avhengig av valt program. Kort sagt, MediYoga passar alle som vil ha det betre, uansett utgangspunkt. Kan du pusta, kan du gjera MediYoga.

Hensikta med treninga er å betra kondisjon, styrke, balanse, og bevegeligheit, og at du skal få meir overskot og oppleva sosialt samvær. MediYoga har fokus på ressursar og meistring, og korleis du kan fortsetja med aktivitet etter oppfylgingsperioden.

Kven er tilbodet for?

Du som vil ha ein treningsform for avspenning og stress reduksjon.

Kor lenge varer treningstilbodet?

Me trener i ein time, éin dag i veka i 10 veker.

Prisoversikt

​Påmelding og oppstart

For å delta på kurs eller få oppfølging, må du først ha ein oppstartssamtale med frisklivskoordinator.
I samtalen finn me saman ut:

  • kva du treng og ynskjer
  • kva mål du har for livsstilen din
  • kva oppfølging som passar for deg

Etter samtalen vert det avgjort, i lag med deg, om du får tilbodet.

Kontakt oss

Telefon: 906 73 035 
E-post: friskliv@voss.herad.no

Du kan også lese meir hjå Rådet for psykisk helse: Rådet for psykisk helse