Sov godt

Kurset tar for seg tema som søvn og søvnvanskar, søvnvanar, haldningar til søvn og avslapning. Gjennom aukt kunnskap og innsikt, rettleiing, gruppestøtte, avslapningsøvelsar og betre vanar skal kurset hjelpe deg med å verte meir fornøgd med søvnen din og sova betre.

Å streva med søvnen er noko dei fleste av oss opplev frå tid til annan. Dei fleste har kjent korleis søvnen i ei dårleg natt påverkar humør, konsentrasjonsevne og energinivå. Nokon slit med innsovning, andre med uroleg nattesøvn og fleire oppvakningar, og andre igjen med at dei vaknar for tidleg om morgonen. For ein del menneske vert søvnproblema kroniske og so omfattande at det går utover dagleg fungering og livskvalitet. Det er dette som er insomni.

Rettleiing basert på kognitiv atferdsterapi har vist seg å ha betre effekt enn sove medisinar både på kort og lang sikt, og ein kan oppnå betydeleg betring av søvnen med relativt enkle grep. Heilt bivirkningsfritt. Dette er utgangspunktet for søvnkurset Sov godt.

Mange vil ha god og varig nytte av rettleiing i korleis dei kan tilrettelegga for betre søvnvanar og læra teknikkar som vert nytta innanfor kognitiv åtferdsterapi.

Kven passar kurset for?

Dette kurset er for deg som jamleg slit med søvnen og ynskjer å gjera noko med det. Du strevar med insomni eller lettare grad av søvnvanskar, og du ynskjer å forbetra søvnkvaliteten utan bruk av medikament.

Det er i utgangspunktet ikkje for deg med andre søvnforstyrringar eller -sjukdommar. Samtidig vil du òg kunne ha nytte av dette søvnkurset.

Kor lenge varer kurset?

Kurset inneheld fire samlingar á to timar.

Prisoversikt

 

 

​Påmelding og oppstart

For å delta på kurs eller få oppfølging, må du først ha ein oppstartssamtale med frisklivskoordinator.
I samtalen finn me saman ut:

  • kva du treng og ynskjer
  • kva mål du har for livsstilen din
  • kva oppfølging som passar for deg

Etter samtalen vert det avgjort, i lag med deg, om du får tilbodet.

Kontakt oss

Telefon: 906 73 035 
E-post: friskliv@voss.herad.no

Du kan også lese meir hjå Rådet for psykisk helse: Rådet for psykisk helse