Sunn aldring

Vil du læra korleis du kan ta vare på eiga helse, trivsel og energi i pensjonistlivet? Sunn aldring er eit kurs som gjev deg kunnskap, inspirasjon og enkle verktøy for gode levevanar som varer.

Kva handlar kurset om?

Sunn aldring er eit kurs der du får lære korleis du kan ta vare på helsa di når du er komen i pensjonsalderen. Du får innsikt i korleis gode kvardagsvanar kan bidra til betre kosthald, betre fysisk funksjon og meir livsglede i det daglege.

Målet med kurset

Målet er å støtte deg i å leva eit aktivt, sosialt og godt liv som pensjonist.
Du får:

  • kunnskap om kva som fremjar god helse
  • tips for gode levevanar
  • inspirasjon til auka aktivitet og deltaking
  • verktøy til å gjera små endringar som kan gje stor gevinst i kvardagen

Kven passar kurset for?

Kurset passar for deg som:

  • ønskjer å førebyggja helseplagar i eldre år
  • vil lære meir om kosthald, fysisk aktivitet og søvn
  • vil ta vare på eigen helse i kvardagen
  • ønskjer å møte andre i same livssituasjon og dele erfaringar

Korleis er kurset lagt opp?

Kurset består av fem samlingar à 2,5 time med desse tema:

  • Bli kjent og kvardagsglede
  • Fysisk aktivitet
  • Kosthald
  • Søvn
  • Oppsummering og vegen vidare

Pris

Du finn prisoversikta her:

Prisoversikt

​Påmelding og oppstart

For å delta på kurs eller få oppfølging, må du først ha ein oppstartssamtale med frisklivskoordinator.
I samtalen finn me saman ut:

  • kva du treng og ynskjer
  • kva mål du har for livsstilen din
  • kva oppfølging som passar for deg

Etter samtalen vert det avgjort, i lag med deg, om du får tilbodet.

Kontakt oss

Telefon: 906 73 035 
E-post: friskliv@voss.herad.no
Adresse: Hagahaugvegen 30

Du kan også lese meir hjå Rådet for psykisk helse: Rådet for psykisk helse