Innetrening

Treng du ein ekstra dytt for å kome i gang med trening? Innetrening er ei treningsgruppe for deg som vil i betre form, men som kvir deg for å gå på treningssenter.

Kva er Innetrening?

  • Ei roleg og tilpassa treningsøkt med fokus på meistring
  • Lett oppvarming og styrketrening som du tilpassar ditt nivå
  • Ikkje noko hardkøyr – berre trygg og god trening

Kva er målet?

  • Betre kondisjon, styrke, balanse og bevegelegheit
  • Meir overskot i kvardagen
  • Sosialt fellesskap og treningsglede
  • Hjelp til å halde fram med fysisk aktivitet etter kurset

Kven passar tilbodet for?

  • For deg som ynskjer å kome i gang med trening
  • For deg som treng eit trygt og støttande miljø

Kor lenge varer tilbodet?

  • Trening to gonger i veka
  • Éi økt varer i 1 time
  • Kurset går over 8 veker

Pris

Du finn prisoversikta her:

Prisoversikt

​Påmelding og oppstart

For å delta på kurs eller få oppfølging, må du først ha ein oppstartssamtale med frisklivskoordinator.
I samtalen finn me saman ut:

  • kva du treng og ynskjer
  • kva mål du har for livsstilen din
  • kva oppfølging som passar for deg

Etter samtalen vert det avgjort, i lag med deg, om du får tilbodet.

Kontakt oss

Telefon: 906 73 035 
E-post: friskliv@voss.herad.no

Du kan også lese meir hjå Rådet for psykisk helse: Rådet for psykisk helse