Utetrening

Enkel styrke og kondisjonstrening i gruppe ute i naturen. Nivået er tilpassa deltakarane i gruppa.

Hensikta med treninga er å betra kondisjon, styrke, balanse, og bevegelegheit, og at du skal få meir overskot og oppleva sosialt samvær. Utetrening har fokus på ressursar og meistring, og korleis du kan fortsetja med aktivitet etter oppfylgingsperioden.

Kven er tilbodet for?

For deg som ynskjer å kome i betre form saman med andre.

Kor lenge varer treningstilbodet?

Me trener i ein time, to dagar i veka i åtte veker.

Prisoversikt

​Påmelding og oppstart

For å delta på kurs eller få oppfølging, må du først ha ein oppstartssamtale med frisklivskoordinator.
I samtalen finn me saman ut:

  • kva du treng og ynskjer
  • kva mål du har for livsstilen din
  • kva oppfølging som passar for deg

Etter samtalen vert det avgjort, i lag med deg, om du får tilbodet.

Kontakt oss

Telefon: 906 73 035 
E-post: friskliv@voss.herad.no

Du kan også lese meir hjå Rådet for psykisk helse: Rådet for psykisk helse