Treninga går føre seg éin gong i veka, og gruppene vert leia av frivillige instruktørar. Instruktørane får opplæring og rettleiing frå fysioterapeutar som er sertifiserte Sterk og stødig-rettleiarar.
Kven passar Sterk og stødig for?
Vi søkjer etter engasjerte frivillige som ynskjer å leie Sterk og stødig-treningsgrupper for seniorar. Du treng ikkje ha forkunnskapar, men bør vere motivert, glad i aktivitet og ha lyst til å leie ei treningsgruppe for seniorar.
Vi søkjer også etter deltakarar til gruppetreningane som er i målgruppa for tilbodet. Målgruppa er vaksne over 65 år som bur i eigen heim, klarer seg utan særleg hjelp i daglege aktivitetar og kan gå utan hjelpemiddel innandørs.
Interessert i vera med, anten som deltakar eller instruktør?
Kontak fysioterapeut Ane Brekke, anten på telefon 918 74 247 eller e-post ane.brekke@voss.herad.no