Kva hjelp kan du få?
Du kan få rask hjelp til å handtere sterke reaksjonar etter ei alvorleg hending.
Oppfølginga startar så tidleg som mogleg, og seinast innan 12 timar etter at kommunen har fått melding.
Hjelpa inneber:
- Psykisk førstehjelp
- Vurdering av behov for vidare hjelp
- Hjelp til å komme i kontakt med andre tenester
- Praktisk støtte og informasjon i den første tida etter hendinga
Når kan du få hjelp?
- Ulukker
- Brå og uventa dødsfall
- Valdshendingar
- Andre alvorlege hendingar som påverkar enkeltpersonar eller lokalsamfunn
Kven kan få hjelp?
Enkeltpersonar eller grupper som bur i eller oppheld seg i kommunen kan få hjelp.
Dette gjeld både dei som er direkte råka, pårørande og andre som er sterkt berørte.
Korleis får du hjelp?
Ta kontakt med:
- Politi: 02800 eller 112
- Legevakt: 116117
- Ambulanse: 113
Desse vurderer situasjonen og tek kontakt med kriseteamet ved behov.
Tenesta har ikkje ein eigen akuttfunksjon, men blir sett i verk tidleg i etterkant av ei krise.