Vald mot sårbare vaksne - få hjelp eller meld frå

Er du utsett for vald eller overgrep? 
Eller uroa for nokon du kjenner?

Ring oss på 476 78 465 
Måndag-fredag kl. 09.00-15.00
Ved akutt fare: ring politiet på 112

Kva hjelp kan du få?

  • Du kan snakka med oss om det du er uroa for, og få hjelp til å vurdera kva som bør gjerast vidare. 
  • Me kan informera deg og hjelpa deg med å koma i kontakt med rette hjelpeinstansar. 
  • Du får råd og rettleiing til kva du kan gjera vidare, anten du sjølv er utsett eller uroa for nokon andre.

Du treng ikkje vere sikker på at noko ulovleg har skjedd. Det er nok at du kjenner på uro. Det viktigaste er at du seier frå, då kan du eller andre få hjelp.

 

Når bør du ta kontakt

Ta kontakt dersom du:

  • er utsett for vald, overgrep eller utnytting
  • er uroa for andre

 

Kven er tilbodet for

Tilbodet er for deg som:

  • er over 18 år
  • på grunn av helse, livssituasjon eller avhengnad av andre kan vere ekstra utsett
  • har funksjonsvariasjonar
  • har kognitiv svikt eller demens
  • har utfordringar med psykisk helse eller rus
  • er avhengig av hjelp frå andre i kvardagen
  • er utsett for press, kontroll eller utnytting

Du kan òg ta kontakt dersom du er:

  • pårørande, ven, nabo eller andre som er uroa
  • fagpersonar som har bekymring for ein sårbar vaksen

 

Når du kontaktar TryggEst

  • Ein fagperson svarar og lyttar til deg
  • Me vurderer situasjonen og finn ut kva hjelp som trengst
  • Du får hjelp som er tilpassa dine behov

 

Kva er vald og overgrep?

Vald og overgrep kan vere både fysisk, psykisk, seksuelt, økonomisk eller omsorgssvikt. Det kan også handle om trugsmål, kontroll eller utnytting. Les meir om dei ulike typane vald og overgrep under:

Om TryggEst teamet

TryggEst-teamet består av fagpersonar frå fleire tenester, mellom anna eldreomsorg, psykisk helse og rus, integrering, Nav og tenester for menneske med nedsett funskjonsevne. 

Teamet har fått opplæring gjennom Bufdir sin modell for å førebyggja, avdekka og handtera vald og overgrep innan sine fagfelt.

TryggEst er ein nasjonal modell utvikla av Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Målet er å førebyggja, avdekka og handtera vald og overgrep mot vaksne som i liten eller ingen grad klarer å verna seg sjølve.

Du kan lesa meir om TryggEst på bufdir.no

 

Andre hjelpetilbod

Last ned brosjyrer

Sjå video om TryggEst

Meir informasjon