Augeblikkeleg hjelp - kortvarig sjukeheimsopphaldFå rask helsehjelp og oppfølging i opptil tre døgn når du ikkje treng innleggelse på sjukehus. Sist endra 29.05.2026 13.46 Kva hjelp kan du få?Du kan få korttidsopphald i opptil tre døgn dersom du treng rask helsehjelp, men ikkje må leggjast inn på sjukehus.Under opphaldet får du:Behandling og oppfølging av sjukdommar du allereie harObservasjon og vurdering av helsa diLegetilsyn kvar dagOppfølging frå sjukepleiar heile døgnetDersom det trengst meir undersøking, samarbeider me med sjukehuset. Kven er tilbodet for?Tilbodet er for deg over 18 år som har ein kjend diagnose eller ein langvarig sjukdom.Det gjeld for innbyggjarar i Voss herad, Vaksdal kommune, Eidfjord kommune og Kvam herad. Slik søkjer duFor å få opphald treng du tilvising frå:Fastlegen dinLegevakta Lover og reglarForskrift om øyeblikkelig hjelp døgntilbud