Helsevern i barnehage og skule

Barnehagar, skular og skulefritidsordningar skal ha eit trygt og helsefremjande miljø som fremjar trivsel, leik, læring og utvikling. Miljøretta helsevern fører tilsyn med at verksemdene oppfyller krava i Forskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger.

Våre oppgåver

  • Godkjenning av barnehagar, skular og SFO. 
  • Tilsyn med miljø- og helseforhold. 
  • Behandling av klager. 
  • Rådgjeving og rettleiing til eigarar, tilsette og føresette. 
  • Oppfølging av inneklima, hygiene, støy, radon og tryggleik.

Alle barnehagar, skular og skulefritidsordningar skal vere godkjende etter gjeldande regelverk. Godkjenninga skal sikra at barna og elevane har eit trygt og helsefremjande miljø.

Regelverk og forskrifter:

Forskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger

Rettleiar: Helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger - Helsedirektoratet