Før du sender inn ei klage, bør du som hovudregel ta kontakt med den som er ansvarleg for forholdet og forsøkja å finna ei løysing. Mange saker kan løysast gjennom dialog.
Slik klagar du
- Ta kontakt med den som er ansvarleg for forholdet.
- Dersom problemet ikkje blir løyst, kan du senda inn klage eller melding til kommunen.
- Legg ved informasjon om kva forholdet gjeld, kor lenge det har vart, og korleis det påverkar deg.
- Dersom saka gjeld fleire personar, kan det vera nyttig å opplysa om dette.
Slik vurderer me klaga
Når me mottar ei klage eller melding, vurderer me:
- Om forholdet fell inn under ansvarsområdet til miljøretta helsevern.
- Om forholdet kan medføre helseskade eller vesentleg helsemessig ulempe.
- Kor alvorleg saka er.
- Om det er behov for vidare undersøkingar, rettleiing eller tilsyn.
Saker som kan innebera akutt eller alvorleg helsefare blir prioriterte først.
Anonymitet
Du kan be om at namnet ditt ikkje blir gjort kjent for den saka gjeld. Me vil så langt som mogleg ta omsyn til dette.
Me kan likevel ikkje garantere anonymitet i alle saker. I enkelte tilfelle kan det vera nødvendig å oppgje opplysningar for at saka skal kunne behandlast forsvarleg.
Kva skjer vidare?
Korleis saka blir følgt opp, avheng av typen sak og kor alvorleg forholdet er.
Aktuelle tiltak kan vere:
- Rettleiing og dialog
- Innhenting av dokumentasjon
- Synfaring eller tilsyn
- Pålegg om utbetring dersom regelverket ikkje blir følgt
Etter eit eventuelt tilsyn vil det bli utarbeidd ein tilsynsrapport.
Me behandlar ikkje alle typar klager
Miljøretta helsevern behandlar berre saker som gjeld miljøfaktorar med mogleg innverknad på helse.
Andre forhold må meldast til rett myndigheit, til dømes:
- Nabokonfliktar
- Privatrettslege konfliktar
- Arbeidsmiljø på arbeidsplassen
- Mobbing og psykososialt skulemiljø
- Forhold som høyrer inn under politi, Arbeidstilsynet eller andre styresmakter
Dersom saka ikkje høyrer inn under vårt ansvarsområde, vil me så langt som mogleg rettleie deg vidare til rett instans.