Kva er miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern arbeider for trygge og helsefremjande omgjevnader for alle som bur, arbeider og oppheld seg i kommunen. Me arbeider med saker som gjeld mellom anna støy, inneklima, luftkvalitet, radon, skadedyr, barnehagar, skular og ulike verksemder. 

På desse sidene finn du informasjon om våre oppgåver, korleis du kan melda frå om forhold som påverkar helsa, og kva krav som gjeld for barnehagar, skular og verksemder.

Våre arbeidsoppgåver 

  • Tilsyn og godkjenning av barnehagar, skular og andre verksemder. 
  • Behandling av klager og meldingar om miljøforhold som kan påverke helsa.
  • Rådgjeving og rettleiing innan miljø og helse.
  • Oppfølging av regelverk om miljøretta helsevern.

Du kan finna meir informasjon om miljø og helse på Helsedirektoratets nettsider.

Verksemder med godkjenningsplikt 

Nokre verksemder må ha godkjenning frå kommunen før dei kan starta opp eller ta i bruk nye eller endra lokale. Godkjenninga skal sikra at verksemda oppfyller krava i regelverket for miljø og helse.

Følgjande verksemder skal søkja om godkjenning ved oppstart, renovering, tilbygg, mellombelse lokale eller andre vesentlege endringar:

  • Barnehagar
  • Skular
  • Tatoveringsverksemder
  • Piercingverksemder

Merk: Ei godkjenning frå kommunen er ikkje eit kvalitetsstempel, men ei vurdering av om verksemda oppfyller krava i regelverket på tidspunktet godkjenninga blir gitt.

Verksemder med meldeplikt

Nokre verksemder har plikt til å melda frå til kommunen fordi aktiviteten kan påverka helse og miljø. Meldinga gjer det mogleg for kommunen å følgja opp at verksemda blir driven på ein helsemessig forsvarleg måte.

Følgjande verksemder har meldeplikt:

  • Asylmottak og hospits
  • Basseng, badeanlegg, boblebad og badstover
  • Campingplassar
  • Frisørsalongar
  • Solarium
  • Undervisnings- og forsamlingslokale
  • Verksemder med kjøletårn, luftskrubber eller liknande innretningar 
  • Verksemder som slepp ut avløpsvatn

Melding skal sendast inn ved oppstart, renovering, tilbygg, mellombelse lokale eller ved andre driftsmessige endringar.

Regelverk og forskrifter:

Lov om folkehelsearbeid (folkehelseloven) 

Forskrift om miljørettet helsevern 

Miljørettet helsevern - Helsedirektoratet