Psykt bra oktober

I oktober markerer me Verdsdagen for psykisk helse på Voss gjennom Psykt bra oktober. Gjennom heile månaden vert det arrangert gratis aktivitetar, møteplassar og foredrag for ulike aldersgrupper, med fokus på fellesskap, trivsel, meistring og gode kvardagar.

Psykt bra oktober er eit samarbeid mellom frivilligheita, næringsliv og Voss herad.

Velkomen til Psykt bra oktober!

Programmet omfattar mellom anna foredrag om psykisk helse for ungdom, temakveld for ungdom, internasjonal kafé, markering av Verdsdagen for psykisk helse, opne møteplassar, kurs og foredrag for vaksne, kreative aktivitetar for ungdom og arrangement med fokus på sunn aldring. I tillegg vert det bokutstilling på biblioteket og andre tiltak gjennom heile oktober.

Alle aktivitetar er gratis og utan påmelding. Det er berre å møta opp. Meir informasjon om dei ulike arrangementa finn du på voss.friskus.com

 

PROGRAM PSYKT BRA OKTOBER:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

GRATIS FOREDRAG MED FRODE THUEN 20.OKTOBER I VOSS KULTURHUS:

Kontakt

Kristine Akselberg
Leiar ungdomsavdelinga, kultur og fritid
Telefon 95 72 72 24