Råd og støtte heime - førebyggjande besøkAlle som har fylt 80 år og ikkje har helse- og omsorgstenester frå kommunen, får tilbod om førebyggjande heimebesøk.Kva skjer på heimebesøket?Me tek utgangspunkt i helsa di, ressursane dine og kvardagen din. Du får råd og informasjon som kan hjelpa deg å halda deg frisk og bu trygt og sjølvstendig heime.Besøket vert gjort av fysioterapeut, ergoterapeut og tilsette i heimetenesta.Dette kan me snakka om:Korleis førebyggja fall og halda deg i aktivitetTryggleik i heimen (til dømes brannvern og hjelpemiddel)Kommunale tenester og frivillige tilbodFysisk og psykisk helse Slik får du tilbodetDu kan:ringa 952 62 004 og avtala besøk direkte med heimerehabiliteringsteametvera med på førebyggjande samling (sjå informasjon under)Begge tilboda er gratis.Førebyggjande samling for 80-åringarEin gong i året inviterer kommunen alle som fyller 80 år til ei samling. Du vert kontakta på telefon av kommunen.Her får du informasjon om:korleis du kan ta vare på helsa i kvardagenkorleis du kan tilpassa bustaden dinkommunale helsetenester og andre tilbod