Kva gir løyvet deg?
- Eit personleg parkeringskort for merka HC-plassar
- Gyldig i heile Noreg
- Gjeld òg i Europa (etter reglane i kvart land)
- Skal leggjast synleg bak frontruta
- Gjeld vanlegvis i 2–5 år
Kven kan få løyve?
Du må oppfylle begge desse vilkåra:
- Du kan ikkje gå, eller har store vanskar med å gå lengre avstandar.
- Du har eit særleg behov for lettare parkering på konkrete stadar.
Søkjer du som passasjer, må du i tillegg trenga jamleg tilsyn utanfor bilen.
Kva må du forklara i søknaden?
Det er ikkje nok å visa til sjukdom eller funksjonsnedsetjing. Du må òg:
- forklara kvifor vanleg parkering ikkje er nok der du er,
- oppgje så presise adresser som mogleg.
Problem med å bera varer åleine er ikkje grunn nok. Løyvet er heller ikkje ei økonomisk støtteordning.
Forskrift om parkeringsstillatelse for forflytningshemmede (PDF, 181 kB)
Retningslinjer til forskrift (PDF, 2 MB)
Slik søkjer du
Søk parkeringsløyve for forflyttingshemma digitalt
- Lever legeerklæring på Tinghuset, eller send til:
Voss herad, Postboks 145, 5701 Voss - Søkjer du som bilførar, må du leggja ved kopi av gyldig førarkort
Fornying
Du må senda inn ny søknad og ny legeerklæring når løyvet går ut.
Parkeringsløyve for institusjon
Institusjonar som fraktar forflyttingshemma kan òg søkja.
Sjå eiga side for meir informasjon: Parkeringsløyve for institusjon