Kven bør ta influensavaksine årleg?
- Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader
- Personar som er 65 år eller eldre
- Born og vaksne med definterte risikotilstandar og sjukdomar. For nærmare informasjon trykk her Infoark-influensavaksine
- Gravide etter 12. svangerskapsveke, samt alle gravide som inngår i risikogruppe
- Prematurt fødde barn frå 6 månader til 5 års alder
- I tillegg er det anbefalt for personar som har pasientkontakt, og for grisebønder
Anbefalte grupper utenom vaksinasjonsprogrammet :
- Husstandkontakter til immunsvekka
- Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
- Saneringspersonale og andre som arbeider med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl
Kor kan ein få vaksine?
- Ta kontakt med fastlegen din for å avtale vaksinering. Fastlegekontor, Vitus apotek og Apotek 1 i Vangsgata vaksinerer risikogrupper for influensa og korona. Her betalar du eigenandelspris for vaksina
- Bebuarar i sjukeheim får vaksine der dei bur
- Helsepersonell får influensavaksine via arbeidsgivar etter avtale
Dei som er i risikogruppa og er omfatta av vaksenvaksinasjonsprogrammet skal betale:
Influensavaksine:
Eigenandel for influensavaksine er kr 308,- for pasientar i risikogruppe.
For dei som kjem utenom anbefalte grupper for vaksinering er det andre takstar
Vaksinen kan setjast samtidig med vaksine mot andre infeksjonar, som t.d pneumokokk og korona.
Meir informasjon finn du på FHI sine nettsider: Infoark-influensavaksine-nynorsk
Ynskjer du å lese meir om influensa? Her kan du lese informasjon om influensa, publisert av FHI: Influensa - FHI