Koronavaksine

Koronaviruset gir sjukdom i luftvegane. Mange får ingen eller milde symptom, men nokon vert alvorleg sjuke. Koronavaksine førebyggjer alvorleg sjukdom og død

Koronavaksine vert tilrådd dersom du: 

  • er 75 år eller eldre
  • bur på sjukeheim
  • er mellom 18-74 år og tilhøyrer ei risikogruppe
  • er barn med alvorleg sjukdom

 

Friske personar i alderen 65-74 år kan også få koronavaksine til redusert pris dersom dei ynskjer det. 

Ein kan ta koronvaksina samstundes med vanleg influensavaksine

 

Kor kan ein få vaksine

  • Ta kontakt med fastlegen din for å avtale vaksinering. Fastlegekontor, Vitus apotek og Apotek 1  i Vangsgata vaksinerer risikogrupper for influensa og korona. Her betalar du eigenandelspris for vaksina
  • Bebuarar i sjukeheim får vaksine der dei bur

 

Kva kostar vaksina?

Dei som er i risikogruppa og omfatta av vaksenvaksinasjonsprogrammet skal betale kr 110,- eller 85,- om den vert teken samstundes med anna vaksine ( influensa) 

For dei som kjem utenom anbefalte grupper for vaksinering er det andre takstar

Meir informasjon finn du på FHI sine nettsider: infoark-koronavaksine-nynorsk

 

Ynskjer du å lese meir om koronavirus og koronavaksinasjon? Les meir på FHI sine nettsider her: Koronavaksine – informasjon til befolkningen - FHI