Pneumokokkvaksine

Pneumokokk er ein bakterie som kan gi lungebetennesle, øyrebetennelse eller biholebetennelse, men også alvorleg sjukdom som blodforgifting eller hjernehinnebetennelse med høg dødlegheit. 

Pneumokokkvaksine vert anbefalt til personar som : 

  • Er 65 år eller eldre
  • Har sjukdom som gir immunsvikt 
  • Brukar medisinar som svekkar immunforsvaret 
  • Har sjukdomar eller andre tilstandar som gir auka risiko 

 

Uvaksinerte personar født i 1961( 65 år i år) vil få påminning i midten av november

Du kan ta Pneumokokk-, korona- og influensavaksine samtidig, men pneumokokkvaksine skal ikkje takast kvart år

Kva kostar vaksina?

Dei som er i risikogruppa og er omfatta av vaksenvaksinasjonsprogrammet skal betale: 

Pneumokokkvaksine kr 110,- eller 85,- derom den vert teken samstundes med anna vaksine ( Influensavaksine)

For dei som kjem utenom anbefalte grupper for vaksinering er det andre takstar. 

Meir informasjon finn du på FHI sine nettsider: 

Infoark-pneumokokkvaksine-bokmål