Praktisk informasjon om vaksinering

Biverknader av vaksinasjon
 

Dei fleste får ingen eller berre milde og kortvarige biverknader etter vaksinering. Vanlege reaksjonar kan vere ømheit, smerte eller hevelse på stikkstaden, og enkelte kan få feber, hovudverk, trøyttleik eller kjenne seg litt uvel. Dette er som regel teikn på at immunforsvaret reagerer på vaksinen, og går over av seg sjølv etter kort tid.

Alvorlege biverknader er sjeldne. Dersom du får kraftige eller uvanlege symptom etter vaksinering, bør du kontakte lege.

For meir informasjon om moglege biverkander etter vaksinasjon les her: Bivirkninger etter vaksinasjon – håndbok for helsepersonell - FHI

Kor kan ein få vaksine

  • Ta kontakt med fastlegen din for å avtale vaksinering. Fastlegekontor, Vitus apotek og Apotek 1  i Vangsgata vaksinerer risikogrupper for influensa og korona. Her betalar du eigenandelspris for vaksina
  • Pneumokokkvaksine får du via fastlegen din
  • Bebuarar i sjukeheim får vaksine der dei bur
  • Helsepersonell får influensavaksine via arbeidsgivar etter avtale
  • Andre som ynskjer vaksiner kan få dette på apotek, det er litt ulike tilbod på vaksinering ved dei ulike apoteka i heradet