Eldrelos

Har du lyst å verta med på ein aktivitet eller i eit lag, men treng litt hjelp for å koma i gang?

Kva kan du vera med på?

På Voss finst det mange gode tilbod for deg som vil:

  • trimma
  • vera sosial
  • læra noko nytt

Ein eldrelos kan hjelpa deg med å ta fyrste steget.

 

Kva gjer ein eldrelos?

Ein eldrelos kan:

  • fylgja deg til og frå aktivitetar og arrangement
  • vera med deg som støtte undervegs
  • motivera deg til å halda fram
  • hjelpa deg å finna gode skyssløysingar etterpå

 

Slik fungerer det

  • Du kan få eldrelos i inntil tre månader
  • Målet er at du skal kjenna deg trygg og klara deg sjølv vidare
  • Dei fleste eldrelosar har bil og kan køyra deg ved behov

 

Ta kontakt

Eldreloskoordinator: Liv Finne Nybø
Telefon: 918 74 219
Ring oss om du vil melda behov eller få meir informasjon.