Frivilligdagen 4.september 2027
Laurdag 4.september kl. 11-14 vert det liv og leven i Vangsgata, på torget og i Bergsliparken.
Frivilligdagen er ein årleg møteplass der frivillige lag og organisasjonar i Voss herad får visa fram aktivitetane sine, rekruttera nye deltakarar og synleggjera det store mangfaldet i frivillig sektor.
Sist endra 15.09.2026 14.10
Om Frivilligdagen
Frivilligdagen vert arrangert fyrste laurdag i september i Voss sentrum. Her kan innbyggjarar møta lokale lag og organisasjonar, prøva aktivitetar og få eit innblikk i dei mange fritids- og engasjementsmoglegheitene som finst i bygda.
Målet med dagen er å skapa interesse for frivillig arbeid, styrka rekrutteringa til lag og organisasjonar og visa kor viktig frivillig innsats er for eit levande og inkluderande lokalsamfunn. Frivilligdagen vart arrangert for fyrste gong i 2022 og er eit samarbeid mellom Voss herad, Voss Frivilligsentral, Voss Sentrum og det frivillige organisasjonslivet.
Det vil bli sendt ut informasjon og invitasjon til frivillig lagsliv til å delta på Frivilligdagen i løpet av våren.
FRIVILLIGDAGEN 2026:
