Kornett

Kulturskulen tilbyr enkeltundervisning på kornett

Påmelding på Voss Herad si heimeside via Kultur, idrett og fritid.

De kan koma med ynskje i påmeldinga.

Aldersgrense: Frå 10 år.

Utmelding: På epost til oddvar.nostdal@voss.herad.no

Kornetten er veldig lik på trompeten, men den er litt kortare. 

Vanlegvis er den stemt i Bb, og den vert nytta mykje i korps, spesielt i Brassband.

Generelt

Kjernen i kulturskulen si musikkopplæring er instrumental-/vokalopplæringa, samspelaktivitetane og konsertar. Me baserer oss på motorisk, teknisk og uttrykksmessig trening for å nå måla våre. Målet for musikktilbodet er at elevane skal få utnytta potensialet sitt så langt som mogeleg. Me ynskjer at elevene på ein naturleg måte skal verta ein del av kulturlivet i nærmiljøet. 

Overordna mål

     Gjennom arbeidet med musikk skal elevane
Oppnå gode ferdigheiter på instrumentet sitt på alle nivå og ut frå ambisjonsnivå.
Oppleva meistringsglede og positiv sjølvutvikling.
Utvikla seg til sjølvstendige utøvarar som har glede av musikk gjennom heile livet.
 Bli aktive lyttarar med eit nært forhold til musikk.

Utvikla evna til samspel og samarbeid.

Få høve til fordjuping som kan danna grunnlag for vidaregåande og høgare utdanning i musikk.

Bli ressurspersonar som bidreg til eit levande kulturliv.

Når ein ser på aktivitetane i denne planen bør fleire speleår sjåast i samanheng. Nær kontakt mellom lærar og føresette er viktig for å oppnå gode og ynskjelege resultat. Det er ikkje sikkert at ein kjem i kontakt med alle hovudmomenta i like stor grad kvart speleår, men i løpet av ein periode på fleire år burde alle elevane ha arbeidd med dei fleste av desse hovudmomenta. 

Undervisningsmateriale

Det vert som regel brukt ei eiga lærebok i løpet av dei første åra. I utgangspunktet skal eleven sjølv kjøpa lærebok, men læraren kan hjelpa til med bestillinga. 

Øving.

Det som foregår mellom kvar speletime kan faktiskt ofte vera viktigare enn sjølve speletimen. Regelmessig øving heime er ein føresetnad for ein god progresjon. Målet er å utøva musikk og å gå inn i eit musikkutrykk med heile seg. Mykje tid må viast til dette. Det er svært viktig at foreldra hjelper til med å gje elevane gode øvingsrutinar. Me tilrår å heller øva jamnleg enn å ta "skippartak" dagen før ein speletime. Ein nybegynnar bør øva minimum 10 minuttar kvar dag. Ein vidarekomen elev bør øva minimum 20 minuttar kvar dag. Ein og samme elev kan befinna seg på ulike nivå når det gjeld musikkforståing, teknikk, notelesing og gehørsutvikling. Det vert tatt hensyn til kvar elev sin individuelle føresetnad, og dette vil også påverka progresjon og val av innhald. Gode vanar og rutinar er naudsynt, og til stor hjelp for gode resultat og motivasjon. Det er fint om instrumentet kan vera 

"synleg" i løpet av veka og ikkje vert lagt i ei skuff. Det vil då vera ei påminning om at instrumentet skal brukast jamnleg.

Korps/samspel

Når eleven er komen eit stykke på veg i opplæringa, tilrår me at han også byrjar å spela i korps. Dette er noko som bidreg til å auka både den musikalske forståinga og spelegleda. Her skal det vera dialog mellom læraren i Kulturskulen og dirigenten for korpset. Det beste er at eleven fortset med enkelttimar i Kulturskulen parallelt med korpsøvingane. Då kan eleven få oppfylgjing musikalsk og teknisk, i tillegg til at eleven og faglæraren kan gå gjennom dei stykka som blir brukte i korpset. 

Instrument

 Eleven kan enten leiga instrument av kulturskulen eller skaffa seg sitt eige instrument. Det er dessutan ofte mogeleg å låna instrument frå korpset.

Eleven skal læra korleis ein behandlar instrumentet og kva som krevst av regelmessig pleie og vedlikehald. Det er viktig å ta godt vare på kostbare instrument. 

For å utvikla ei god musikalsk forståing er det viktig å lytta til andre elevar, læraren, innspelingar og å gå på konsertar.

Øvingar og etydar

Eleven vil få spesifikke etydar og øvingar for å verta betre innanfor ulike område av instrumentopplæringa. Dette kan vera fingerøvingar, pusteøvingar, blåseøvingar og ulike ansats- eller tungeøvingar.

 Slike øvingar er ein viktig del av opplæringa, og gjev eit godt teknisk grunnlag for musikalske framføringar.

Solospel

 omfattar alt frå enkle barnesongar til meir krevande stykke avhenging av kva nivå eleven er på. Nokre gonger kan eleven spela saman med CD, og andre gonger med pianist. Å delta på konsertar er ein del av undervisninga i kulturskulen, og det er ynskjeleg at eleven deltek på eit par konserter i løpet av året. Den daglege øvinga er viktig for sluttproduktet; konserten. Å opptre for andre, om det er for familien, venner eller berre for kosedyra sine, vil bidra til å «ufarleggjera» det å opptre.

Samspel

For den musikalske utviklinga er det svært viktig å spela saman med andre, enten det er med ein pianist, med eitt eller fleire andre instrument, eller i korps, orkester og andre ensembler. Dette fører til at eleven modnast musikalsk og får ei god haldning til musikken. Det sosiale som fylgjer av slikt samspel, kan i tillegg vera til stor vinning for lokalsamfunnet.

Breiddetilbod

Breiddetilbodet omfattar fagtilbod som er særskilt eigna for gruppe- og ensembleundervisning. Det skulen tilbyr på fleire av skulane i kommunen er KiS (Korps i skulen): Der får 3-klassingane musikk- og instrumentopplæring av kulturskulen gjennom heile året. Det er også fleire korps som har instruktørane sine frå kulturskulen. 

Kjernetilbod

Kjernetilbodet har ope opptak for elevar som er motivert for større undervisningsmengde og systematisk eigeninnsats. Me tilbyr undervisning enkeltvis og/eller i gruppe.

Undervisninga vert gjeven som begynnaropplæring eller som opplæring for vidarekomne.

Programmet skal kunna kvalifisera til vidaregåande utdanning og er basert på langsiktigheit, progresjon og systematisk trening. Undervisninga er tilpassa den enkelte elev.

Det er meir å lesa om faginnhaldet i kulturskulen i den nasjonale rammeplanen: http://kulturskoleradet.no/rammeplanseksjonen/rammeplanen

På venteliste:
1

Lærarar