Saksofon

Saksofon

Saksofon

Kulturskulen tilbyr enkeltundervisning i saksofon.

Aldersgrense: Frå 8 år
Påmelding: Via Voss herad si nettside under kultur, idrett og fritid
Utmelding: Send e-post til oddvar.nostdal@voss.herad.no

Om saksofon

Saksofonen vart utvikla av den belgiske instrumentbyggjaren Adolphe Sax på 1840-talet. Han høyrer til treblås-familien, sjølv om instrumentet vanlegvis er laga av metall.

Saksofonen er kjend for den varme og uttrykksfulle tonen sin og vert brukt i mange musikksjangrar.

Kva lærer du?

Du arbeider med:

  • pust
  • klang
  • teknikk
  • musikalitet
  • munnstilling

Undervisninga vert tilpassa alder, nivå og interesser.

Slik føregår undervisninga

Undervisninga skjer både individuelt og i grupper. Du får òg erfaring med samspel og konsertar.

Me arbeider med notelesing, gehørspel, rytme, musikkuttrykk og musikkteori.

Instrument og øving

Du må disponera eige instrument. Du kan eiga det sjølv eller leiga det gjennom kulturskulen eller korpset.

For å utvikla deg som musikar er det viktig å øva jamleg. Fleire korte økter er ofte betre enn få lange.

Mål for opplæringa

Gjennom opplæringa utviklar du:

  • god tone og klang
  • bevisst bruk av pust
  • god fingerteknikk
  • rytme- og noteforståing
  • gehør
  • tryggleik i samspel og konsertar

Målet er at du skal kunna uttrykkja deg gjennom musikken og oppleva speleglede saman med andre.

På venteliste:
4

Lærarar