Nøringen:Folkemusikk/ Folkedans for 4-6 åringer

Påmelding på Voss Herad si heimeside via Kultur, idrett og fritid.

De kan koma med ynskje i påmeldinga.

Aldersgrense: Frå 5 år.

Utmelding: På epost til oddvar.nostdal@voss.herad.no

Bakgrunn

For nokre år sidan hadde Kulturskulen på Ål eit samarbeid med Ål Spel – og dansarlag dei kalla ”Basken”. Det var eit tilbod der 4-6 åringar møtte ulike kulturarvutrykk gjennom eit år. Spel og dans stod i sentrum. Borna var også innom andre tema t.d. spikka dei seljefløyte, lærte nokre dansetrinn, høyrde på hardingfele og andre tradisjonsinstrument, bakte flatbrød, prøvde seg på rosemåling m.m. Kulturskulen stod for organisering og opplegg, medan frivillige lag og organisasjonar stilte med fagpersonar på dugnad nokre få timar kvar i løpet av året, alt etter kva ungane skulle læra. 

Nøringen i Hardanger og på Voss

I eit år så har Hardanger Spelemannslag, Voss Spelemannslag, Kvemmingen spel – og dansarlag, 8 kulturskular og prosjektet hardingfela.no jobba for å få til eit liknande tilbod i dei 7 Hardangerkommunane og Voss.  Me har no kome så langt at me ynskjer å lyse ut tilbodet til våren, og ha oppstart til hausten. Kulturskuleåret 2018/2019. At ein heil region går saman for å gje kunnskapen om kulturarven blant dei yngste eit løft er heilt unikt i landssamanheng.

Kulturskuletilbodet vert eit gruppetilbod med plass til maksimum 12 born mellom 4-6 år. Desse skal gjennom kulturskuleåret verta kjende med spel, dans, song og andre lokale kulturarvuttrykk. Interesserte foreldre vil også kunne få auka kunnskapen sin. To lærarar som er folkemusikarar – eller dansarar kjem til å fylgje borna ein skuletime kvar veke. I vår kommune samarbeidar me med Johanne Mjøs og Ellean Marie Selland Geitung, og hovudarenaen for borna kjem til å vera på Voss kulturhus.

På venteliste:
4

Lærarar