Bestillingsbuss

Bussen hentar deg der du er og køyrer deg dit du skal!

Skyss Bestilling er bestillingsbussar som køyrer når nokon har bestilt dei. Du blir henta der du er, og køyrt dit du skal. Tilbodet er for alle, og det er godt tilrettelagt for personar med funksjonsvariasjonar. Du kan for eksempel bestilla ein tur dersom du skal til butikken, på trening, til legen eller på besøk. Skyss Bestilling har både faste ruter på faste dagar, og bussar som køyrer i bestemte nærområde innanfor faste tidsperiodar. 

Enkelt å bestilla: 

Det er enkelt å bestilla - i appen Skyss Bestilling, på nettsida bestilling.skyss.no eller på telefon 55 55 90 99. Når du har bestilt, vil du få informasjon om nøyaktig kva klokkeslett du blir henta. Dersom mange skal reisa samtidig, kan det bli litt ventetid. 

Slik fungerer det: 

  • Du bestiller i app, på nett eller telefon. 
  • Du får beskjed om henting. 
  • Du kjøper billett og betaler på same måte som på andre bussar. 
  • Du blir henta der du er og køyrt dit du skal. 

Skyss Bestilling er bestillingsbussar som køyrer når nokon har bestilt dei. Tilbodet er for alle, og det er godt tilrettelagt for personar med funksjonsvariasjonar. 

Skyss Bestilling - bussen kjem når det passar for deg

Du bestiller bussen til det tidspunktet og frå den staden som passar for deg. Bussen hentar deg der du er, og køyrer deg dit du skal. Du kan for eksempel bestilla ein tur dersom du skal på butikken, på trening, til legen eller på besøk. Tilbodet gjeld i eit bestemt nærområde og innanfor ein fast tidsperiode.  

Kvar og når kan du reise?
Bussen køyrer i området frå Seim i vest, Skjerpe/Flatekvål i nord, Palmafossen/Brynali i aust og Gjernes i sør. Sjå detaljert kart i appen Skyss Bestilling.

Du kan reisa:

  • måndag til fredag mellom kl. 17.45 og 22.00
  • laurdag mellom kl. 08.15 og 15.00
  • Bussen køyrer ikkje på heilagdagar

 

Bestillingsfrist
Du kan bestilla bussen så tidleg som sju dagar i forvegen, og så seint som 30 minutt før avreise. Dersom fleire skal reisa på same tid som deg, kan det bli inntil 15 minutt å venta. Du får informasjon i appen eller på tekstmelding om nøyaktig når bussen kjem. 

Dersom du ønsker å reisa på faste dagar, kan du bestilla fleire turar for inntil ein månad fram i tid.

 

Trygge heimreiser med Skyss Bestilling  

Skyss køyrer langs faste ruter på kveld og natt, og tek små avstikkarar for å køyre deg så nært som mogleg dit du skal. Tilbodet er ope for alle. Er det ikkje plass til alle, vil dei unge bli prioritert.   

  • Voss stasjon-Bolstadøyri onsdag kl. 21.15
  • Voss stasjon -Oppkvitn onsdag kl. 21.15

 

 


Du kan bestilla på ulike måtar:

Når du har bestilt vil du få informasjon om nøyaktig når du blir henta. Dersom mange skal reisa samtidig, kan det bli litt ventetid. 

Dersom du ynskjer å reisa på faste dagar, kan du bestilla fleire turar for inntil ein månad fram i tid.

Billett og pris

Du kjøper billett i appen Skyss Billett, om bord med kontantar eller bankkort, på SMS eller i nettbutikken. Skyss Bestilling har vanleg billettpris, og du kan bruka periodebillett dersom du har det. 

Lurer du på noko?

Du kan kontakta Skyss måndag til fredag mellom klokka 08.00 og 17.00 på telefon 55 55 90 99

Meir informasjon finn du her:

Skyss – Bestillingstransport