Taxi heim frå ungdomsklubben måndag og onsdagar
Er du mellom 13 og 19 år og treng skyss heim etter ungdomsklubben Vangsgryto på måndagar eller onsdagar?
Trygt Heim er eit transporttilbod for ungdom som bur i retningane:
- Granvin (Granvin termnal)
- Kyte/ Oppkvitno, retur over Skulestadmo
- Bordalen skule
Tilbodet gjeld dei dagane ungdomsklubben er open og er meint for ungdom som bur i utkantar der det ikkje går buss eller tog i dette tidsrommet.

Slik fungerer det
- Transport må bestillast innan kl. 18.00 same dag.
- Bestilling skjer på Voss Taxi si heimeside.
- NB: Merk bestillinga med LTU, namnet ditt, alderen din og tlf.nr. ditt.
- Ruta køyrer berre dersom det er bestilt transport innan fristen kl.18.00
Pris: kr 30,- per person, betalast direkte til sjåføren.
Viktig å hugsa
- Taxi-tilbodet er i tidsrommet omlag kl. 21.00. Dersom det er mange bestillingar i samme tidsrom, kan det hende du må venta noko.
- Tilbodet er til ungdom mellom 13 og 19 år. Dersom det er ledige sete når bilen går, kan vaksne sitja på.
- Har du bestilt transport og ikkje møter opp, får du 1 månads karantene frå ordninga.
Trygt Heim gjer det enklare, billegare og tryggare å koma seg heim etter ungdomsklubben!
Ruta til Vossestrand og Bolstad er ikkje med i denne ordninga fordi det går buss til Vossestrand kl. 21.00 og tog til Bolstad kl. 21.07.
Ordninga er eit pilotprosjekt for hausten 2026. I fyrste omgang gjeld ordninga frå 24.august til og med 30.november.
Prosjektet er støtta av Vestland fylkeskommune gjennom LTU (Lokal transport for ungdom).