Utekontakten

Utekontakten arbeider førebyggjande blant barn og unge i Voss herad. Hovuddelen av arbeidet skal skje i form av oppsøkjande arbeid på stader der ungdom er samla på fritida.   

Størstedelen av arbeidet skjer på kveld og i helger. Utekontakten samarbeider med ulike kommunale avdelingar, politi, vidaregåande skule, helsetenester, frivillige organisasjonar med fleire.

 Ungdom i ungdomsskulealder møter utekontakten på Open hall på Voss ungdomsskule mandag og onsdag 14:30-17:30 og i Gryto mandag og onsdag kl.18-21.

 Eldre ungdom frå 16 år og oppover møter utekontakten i ungdomsklubben i kjellaren på Voss kulturhus mandag og onsdag kl.18-21. 

I helgene er utekontakten ute i gatene på Vangen. Ta kontakt om du treng nokon å prata med. Utekontakten har teieplikt.

 

Følg utekontakten på facebook

​

​