Sesongbooking for skuleåret 2026/2027
Ynskjer du å bestilla fast treningstid ved Voss gymnas, Voss vgs, Voss idrettshall, Vossabadet eller ved ein av dei kommunale skulane skal du nytta BookUp.
Frist for å søkja for skuleåret 2026/2027 er 15.mai 2026!
Søk her: BookUp
Booking elles i året
Når sesongbookinga er fordelt, kan ein sjå når og kvar det er ledige treningstider i BookUp-kalenderen. Dersom du ynskjer å leiga tid som er ledig, går du inn i kalenderen og sender ein førespurnad.
Vel skulen eller idrettshallen der du ynskjer treningstid og skriv tydeleg kven som skal leiga, til dømes: Eldar IL, skigruppa 8–12 år. Deretter reserverer du ynskja tidspunkt. Ver merksam på at søknaden må behandlast av den einskilde skulen der de ynskjer treningstid. Ta difor direkte kontakt med den aktuelle skulen dersom de har spørsmål knytte til booking eller andre forhold ved skulen.
Søk om tid her BookUp
Spørsmål om BookUp?
Kontakt Nils Helge Fostervoll Kvamme: nils.f.kvamme@voss.herad.no
Prisar og retningslinjer
Voss herad tilbyr gratis utleige av kommunale bygg og idrettsanlegg til frivillige lag og organisasjonar som har fast, organisert kvardagsaktivitet for barn og unge i alderen 0–19 år.
Inntektsgjevande arrangement som kurs, kampar, cupar, helgearrangement eller liknande fell ikkje inn under ordninga. Det same gjeld utleige til privatpersonar og kommersielle aktørar.
Det er per no uavklart om det kan koma kostnader knytte til bruk av fylkeskommunale bygg. Dersom dette vert aktuelt, vil ein leggja til grunn ei rettferdig fordeling av kostnadene mellom alle brukarane som ikkje betaler leige.
Utleige reglement for rom i kommunale skular i Voss herad
Utleige vilkår og reglement for rom i kommunale skular i Voss herad (PDF, 491 kB)
Vossabadet og idrettshallen
For treningstider og arrangement i Vossabadet og Idrettshallen, sjå kalenderen deira og ta direkte kontakt på e-post;
- Vossabadet; resepsjon@vossabadet.no
- Idrettshallen; tone@vossabadet.no
For lån av sentralidrettsanlegget (grasbanane og friidrettsbana) ta kontakt med nils.f.kvamme@voss.herad.no
Arrangement og leige av gymsalar på Voss vgs og Voss gymnas
For yttarlege leige og større arrangement, ta kontakt med utleigar for tilgjengelegheit og leige
Voss gymnas
Voss vidaregåande
Overnatting
Dersom ein ynskjer å leiga skular til overnatting må ein ta kontakt med aktuelle skulen.
Instruks for overnatting i skular, barnehagar og andre formålsbygg i Voss herad. (PDF, 99 kB)