Direktesåing av kløver i etablert eng – framhald 2023

Me ynskjer å vidareføre arbeidet med direkteinnsåing av kløver i eng for vekstsesongen 2023. Me vidareførar arbeid med systematisk utprøving og innsamling av røynsler. 

Deltakarar får frø til utsåing, vegleiing og dekt foranalyse av hausta for på arealet.

Kontakt prosjektleiar Gunnlaug Røthe: tlf. 982 45 835, epost: gunnlaug.rothe@nlr.no

 

 

Direkte isåing av belgvekstar i etablert eng vil kunne betre innhaldet av protein i fôret og gje viktig tilskot av nitrogen til enga. Dette er eit godt tiltak særleg ved redusert bruk av mineralgjødsel. Forsøk og erfaring viser at ein kan få til eit godt tilslag av raudkløver ved i såing i etablert eng, også eldre eng. Det er viktig at gamalt gras vert fjerna og at frøa får god jordkontakt. For at frøa skal få god jordkontakt er det tilrådd å tromla etter såing. Spreiing av møk rett etter såing kan også gje godt tilslag. Dei som deltek i prosjektet vil få utdelt skjema for utfylling av feltnotatar som vert nytta i prosjektet. Noteringane skal skje i eit skjema og er ikkje meir omfattande enn det bonden normalt (bør) gjere. Under vegs vil tilslag og registrering av avlingsmengd verte gjort. Deltakarane vil og verte invitert i ei erfaringsgruppe for deling av røynsler som vert gjort.

Kva får du som deltakar

Som deltakar i utprøving av  isåing av raudkløver i etablert eng får du

  • 5 kg kløverfrø som er nok til 10 dekar.
  • oppfølging og rådgjeving knytt til prosjektet
  • uttak av fôranalyser frå feltet  (dette har vi avgrensa kapasitet til –  så her gjeld først til mølla prinsippet)
  • delta i erfaringsgruppe

For at ein skal få mest mogleg ut av dette tiltaket ønskjer me at kløveren vert sådd på ein teig som det ikkje er noko særleg kløver frå før. I tillegg ønskjer me at det vert sett att eit område (1-3 daa) på same teigen som ikkje vert direktesådd med kløver. Det er ønskjeleg å ta ut fôrprøve av 2. og eventuelt 3. slått.

Kva må du bidra med?

  • Gjennomføre direkte såing av kløver i etablert eng, etter dyrkingsråd frå landbruksrådgjevinga.
  • Føre feltdagbok
  • Dele røynsler og evt. vere vertsskap for synfaring.

Me har frø til 15 deltakarar. Meld di interesse til gunnlaug.rothe@nlr.no eller 98245835.