Omdisponering

Omdisponering av jordbruksareal eller skogbruksareal til andre føremål er søknadspliktig. Søknad skal sendast til heradet. 

Det er ynskjeleg å leggja tilhøva slik til rette at jordviddene i landet kan verta brukt på den måten som er mest gagnleg for samfunnet og dei som har yrket sitt i landbruket.

Det kan verta gjeve forbod mot omdisponering for å verna om produktive areal og jordsmonnet. Dyrka jord må ikkje brukast til føremål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon. Dyrkbar jord må ikkje disponerast slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida.

Meir om omdisponering

Søkje om omdisponering

Søknad om omdisponering sender du til heradet. Søknaden skriv du i fritekst, og den skal innehalda:

  • Grunngjeving for omdisponeringa
  • Kva føremål du ynskjer å omdisponera til
  • Kart over arealet der tiltak er innteikna nøyaktig, og området rundt framgår av kartet

Det er ingen søknadfrist, men det må vera gjeve løyve til omdisponeringa før ho vert gjennomført. 

Kva skjer vidare?

Når kommunen har fått søknaden, vil saka bli handsama av næringsavdelinga.
Du vil få tilsendt skriftleg svar på søknaden. 

Klage

Klage kan sendast til heradet innan tre veker etter at vedtaket er motteke. Klagen vil verta handsama i politisk utval, og kan verta sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Lovverk

Jordlova