Leige av torgplassHer finn du informasjon om korleis du kan leiga salsplass på på torget i Voss herad. Korleis leiga plass på torget?Send ein e-post til postmottak@voss.herad.no med fylgjande opplysningar: Kontaktinformasjon til kontaktpersonYnskja leigeperiode:Torgplass kan bestillast for maksimalt fire månadar om gongenYnskja størrelse på torgplass:Liten plass: inntil 5 meterStor plass: over 5 meterOm du ynskjer plass med eller utan straumtilkoplingKva du ynskjer å seljaKva kan du selja?På torget kan du selja:Tradisjonelle torgvarerLokalprodusert mat og produkt Produkt med lokal tilknytningSesongproduktAnna handel kan vurderastPrisar Prisar - TorgleigeTidLiten plassStor plassTillegg for straumPer månad1100 kr1265 kr400 krPer veke (måndag-laurdag)700 kr960 kr145 krPer dag, måndag-torsdag215 kr320 kr35 krPer dag fredag-laurdag215 kr420 kr35 kr Liten plass: under 5 meterStor plass: over 5 meterTorgleige dekker leige av tilvist areal og rett til uttak av vatn. Kostnad vert fakturert.Praktisk informasjon om torgplassTorgplass kan berre nyttast på kvardagar, og seinast til kl. 22.00 i sommarhalvåret.Mobil salsvogn kan stå på tildelt torgplass 24 timar i døgnet i leigeperioden. Er det planlagt stengt meir enn ein kvardag eller på laurdag må ein likevel flytte vogna.Tilsendt leigebevis skal liggja synleg på tildelt plassTorghandlarane må halde seg innanfor tildelt areal skissert i leigebeviset:Torgplassane er oppmerkte med små, raude knottar. Det er 5 meter mellom kvart merke.Nøkkel til straumskåp kvitterar du ut og inn i servicetorget Retningslinjer for leige av torgplass (PDF, 63 kB) Sist endra 15.06.2026 13.57