Di plikt å stoppa lekkasjar
Når du eig ein bygning som er knytt til den kommunale vassforsyninga, er leidningen frå bygningen og fram til den kommunale hovudleigningen ditt ansvar og din eigedom.
Dersom fleire eigedommar har sams stikkleidning som er knytt til den kommunale hovudleidning, er det ofte gjort avtalar om vedlikehald. Dersom avtalen er tinglyst, kan du finne den hjå Kartverket. Normalt pålegg abonnementsvilkåra til kommunen eigarane eit solidarisk ansvar for å halde den felles stikkleigninga ved like.
Plan- og bygningslova §31-3 pålegg eigaren ansvaret for å halda leidningen i stand slik at det ikkje kan oppstå fare for skade på, eller større ulempe for, person, eigedom eller miljø.
Det går og fram av abonnementsvilkåra til kommunen at den som eig leidningane, er ansvarleg for at vass- og avløpsanlegget på eigedommen alltid er i forsvarleg stand.
Vasslekasjar må stoppast så raskt som mogleg fordi:
- lekkasjar fører til meirutgifter for vassverka og dermed auka gebyr for deg som abonnement.
- Det reduserer risikoen for at du og naboane misser vatnet.
- Når trykket i leidningen fell på grunn av lekasjar, aukar faren for at det siver inn forureina vatn frå grunnen og inn i vassleidninga.
- Trykket i vassleidningen din vert betre.
- Det reduserer faren for at du får vasskade på eigedommen.
- Når ein vasslekasje først har oppstått, vil han kunne utvikle seg til eit større leidningsbrot med påfølgjande store skadar på bygningar og terreng.
- Lekkasjar på private leidningar gjer det vanskelegare å oppdagar større lekkasjar på dei kommunale leidningane.
Det er miljøvennleg og god økonomi å ta vare på vatnet ved å stoppa lekkasjar på leidningane.
Korleis går du fram for å stoppa lekkasjen?
Du bør straks kontakta:
- forsikringsselskapet ditt
- eit firma som driv med lekkasjelytting
- eit godkjent røyrleggjarføretak (røyrleggjarføretaket kan svara på om dei er godkjent for denne type oppdrag)
Forsikringsselskapa kan ofte setta deg i kontakt med lekkasjelyttefirma og røryleggjarføretak.
Gjennom lekasjelytting kan vasslekasjen lokaliserast. Du må ikkje bruka vatn medan dei lytter etter lekkasjen.
Dersom lekkasjelyttinga viser at det er lekkasje på leidningen din, må leidningen gravast fram. Berre eit godkjent røyrleggjarføretak kan reparera leidningen. Reparasjon av brot på vassleidning er normalt ikkje søknadspliktig etter plan- og bygningslova.
Dersom leidningen er gammal og i dårleg stand, er det som regel lurt å skifta heile leidningen for å unngå lekkasjeproblem i framtida. Dersom du har vassleidning av galvanisert stål, ser me helst at du skrifte den ut. All erfaring viser at slike leidningar ikkje varer lenke og bør skiftast ut før dei rustar sund.
Eit alternativ kan vera å rehabilitera leidningen ved å trekka inn ein ny, mindre leidning eller ei plaststrømpe på innsida av den eksisterande leidningen.
Du må søkja om å skifta ut leidningen, etter plan- og bygningslova §20-1 første ledd bokstav a, med mindre kommunen gjer særskilt unntak.
Dersom anboringa må skiftast, må røyrleggjarføretaket som hjelper deg med reparasjonsarbeida, ta kontakt med kommunen.
Dersom det viser seg at det ikkje er noko lekkasje på leidningen
Dersom lekkasjelyttarane ikkje finn nokon lekkasje på leidningen din, vil kommunen dekka utgiftene du har betalt firmaet.
Dersom gravinga viser at lekkasjen er på den kommunale hovudleidningen, vil kommunen dekka alle rimelige og nødvendige utfgifter du har hatt knytt til arbeidet med å stoppa lekkasjen.
Når lekkasjen er reparert
Straks vasslekkasjen er stoppa, ber me om at du saman med røyrleggjarfirmaet fyller ut og returnerer skjermaet tilbakemelding om utført arbeid.