Bruk av hydrant

Det er ikkje tillat for andre enn vass- og avløpsetaten sine ansette å nytte kommunale brannhydrantar utanom ein brannsituasjon.

Brannhydrantar har ein kritisk rolle iein brannsituasjon. Det er difor ikkje tillat for andre enn vass- og avløpsetaten  sine ansette å nytte kommunale brannhydrantar utanom ein brannsituasjon. Dette gjeld og eventuelle private hydrantar kopla mot kommunalt leidningsnett. 

Ved ein brannsituasjon kan brannvesenet nytte seg av hydrantane til å skaffe nødvendig sløkkjevatn.

Feil bruk av hydrant kan leie til:

  • Skade på hydrant. 
  • Forrureining av kommunalt leidningnsnett ved eit tilbakeslag.
  • Skade på kommunalt leidningsnett.

Alternativt uttak
Voss herad disponerar eit uttak for vatn, som kan nyttast etter
avtale med driftsleiiar Per Gunnar Byrkje.