Graveløyve og arbeidsvarsling

Det skal alltid sendast søknad om løyve ved graving/tiltak og arbeidsvarsling i og ved kommunal veg med tilhøyrande side- og grøntareal.

Skal du grave i, eller i nærleiken av,  kommunal veg ?

Alle som skal grave i kommunal veg, og/eller tilhøyrande side- og grøntareal, må søke heradet om løyve. Reglar og retningsliner for graving i offentleg veg finn du nedafor.


Skal du grave i, eller i nærleiken av,  fylkes- eller riksveg ?

  • Statens vegvesen handterer søknader om arbeidsvarsling, graving og nærføring til riksvegar.
  • Fylkeskommunen handterer søknader om graving og nærføring til fylkesvegar. Søknad om arbeidsvarsling på fylkesvegar vert handtert av Statens vegvesen, men eit løyve frå fylkeskommunen om graving eller nærføring må ligga ved søknaden.

 

Arbeidsvarsling 

For å kunne arbeida på kommunal veg må du søka kommunen om arbeidsvarsling. Dette gjeld alt arbeid på kommunal veg, både graving i kommunal veg, oppføring av stillas og utstyr på veg, og anna arbeid utan graving.  Den som i søknaden vert opplyst som skal vera ansvarshavande skal ha gjennomført kurs 2 i arbeidsvarsling.

Her kan du sjå kva som er opplæringskrava: Handbok N301 – Arbeid på eller ved veg

Du søkjer arbeidsvarsling ved å lasta ned og fylla ut dette skjema: 

Skjema - arbeidsvarsling (XLSX, 241 kB) ​​​​​​

Send det som vedlegg på e-post til: postmottak@voss.herad.no

                                                                                                            

Søknad om graveløyve og/eller arbeidsvarsling

Du kan søka om graveløyve ved å nytta digitalt søknadsskjema lenka til under.  Ved behov for avklaringar og eventuell synfaring i forkant av søknad eller undervegs for graving, ta kontakt med Vegavdelinga på teknisk.

Søknad om løyve til graving 

 

Gebyr

Fastsett av Voss heradsstyre den 14.11.2024 er det innført gebyr for graveløyve og arbeidsvarsling på kommunal veg. 
Følgjande gebyr gjeld: 

Gebyr graveløyve og arbeidsvarsling kommunal veg
SakstypePris per sak eks mva
Standard gravesøknadkr 4 500
Stor/kompleks gravesøknadkr 7 200
Tillegg: gjeld mindre endringar, utvida arbeidsperiode m.mkr 1 800

 

Heradet sendar faktura til søkjar i  den enkelte sak når vedtak om graveløyve er fatta. For vedtak som medfører avslag, vert tiltakshavar belasta med 50 % i forhold til opphavleg gebyr. 

For meir info og presiseringar rundt gebyret sjå: 

Gebyrregulativ graveløyve, arbeidsvarsling og kontroll etter leidningsforskrifta (PDF, 83 kB)
 

Etter arbeid er ferdig

Ferdigmelding skal sendast inn seinast 10 virkedagar etter at gravearbeid er avslutta.

Ferdigmelding skal leverast elektronisk og det skal ligge ved:

  • bilete
  • innmålingsdata
  • leggerapport frå asfaltleverandør
  • loggbok for arbeidsvarsling