Trafikksikring

Voss herad jobbar med å forbetra trafikksikkerheita på kommunale vegar og har som målsetjing å gjera trafikken i heradet sikrast mogeleg for alle trafikantar - unge som gamle. 

Voss heradsstyre vedtok på heradsstyremøte 16.12.2021, sak 92/21 ein revidert Trafikksikringsplan Voss herad 2022- 2026 (PDF, 9 MB)

Planen er ein revisjon, oppdatering og samanslåing av fylglande trafikksikringsplanar:
Trafikksikringsplan Voss kommune 2012 – 2015 (PDF, 8 MB).
- Trafikksikringsplan Granvin herad, 2002 – 2015 (PDF, 3 MB).
- Trafikksikringsplan Ullensvang herad (del som handlar om Oksenhalvøya) 2009, revisjon 2014.

Trafikksikringsplanen har særskilt fokus på mjuke trafikantar og trygge skulevegar. Gode gang og sykkelsamband mellom Voss sentrum og til nærsentra rundt har positiv effekt på folkehelsa og er viktig klimatiltak då det legg til rette for at fleire kan gå og sykle til barnehage, skule, fritidsaktivitet og arbeid.

Trafikksikringsplanen er ein handlingsplan, og den inneheld forslag til organisatoriske tiltak, trafikantretta tiltak og ei rekkje ulike fysiske tiltak langs dei offentlege vegane i heradet.

Planen legg grunnlaget for arbeid med trafikksikkerheit i Voss herad. 

Trafikksikringsplan Voss herad 2022-2026.pdf (PDF, 9 MB)