Heilt ny bygdebok kjem for sal

Det femte bindet av bygdeboka kjem no for sal. Dette bindet dekkjer Bjørgum, Mønshaugen og ytre delar av Raundalen.

Øystein H. Brekke, redaktør for bygdeboka

Det vert bokslepp av det nye bindet på møtet til Bjørgum bygdekvinnelag 16. november. 

– Bygdebøkene er ikkje historiebøker, men oppslagsverk over gardsbruk og slektssoge for gardane, seier redaktør Øystein Hellesøe Brekke. Den ambisiøse ideen er at alle som har budd minst fem år her, skal vera med i bygdebøkene. 

Basert på innsendte opplysningar

I tidlegare tider hadde bygdebøkene også med ei rekkje opplysningar som ikkje var så lette å åetterprøva, til dømes når huldrene forlot gardane. No er det historiske fakta frå ulike skriftege kjelder og ikkje minst opplysningar som folk har gitt frå seg som er grunnlaget for bøkene. 

– Grunnen til at det kjem nye bøker er å oppdatera opplysningane, og å få med andre personar enn berre eigarane av garden, til dømes det som før vart omtala som ikkje ektefødde born, seier Hellesøe Brekke. Yrke og liknande er også med i bygdebøkene no. 

Han er svært positivt overraska over responsen han får når han sender ut skjema til folk for å henta inn relevante opplysningar. 

– Ideen er at alle som har budd på Voss i minst fem år skal vera med i bygdeboka, seier redaktøren, og vedgår at det er ambisiøst. Men legg til at den positive responsen også kjem frå innbyggjarar som har flytta til Voss frå andre land. 

I gang med bind seks

Medan bind fem vert trykt og klargjort for sal, er redaktøren alt i gang med arbeidet med det neste bindet i bygdeboka. Frå før er det kome fire bind i bygdeboka. Dei første fire binda tek for seg områda ned til gamle Evanger kommune, nordsida av Vangsvatnet, Skulestadmo til grensa til gamle Vossestrand kommune, Kyte, Norheim og Raundalen til og med Skiple

Bind seks skal ta for seg Skutlesåsen, Palmafossen og Bordalen. Her er skjema på veg ut, og Øystein Hellesøe Brekke håpar dei som får skjemaet tek seg tid til å fylla ut og returnera. 

Målgruppa fro bygdeboka er alle noverande og utflytta innbyggjarar.