Invitasjon til folkemøte

Korleis skal Voss utvikla seg i åra som kjem? Og korleis kan me sikra ein god skule og barnehage for framtida? Framlegg til kommuneplanen sin samfunnsdel og framlegg til ny barnehage- og skulestruktur skal svara på desse spørsmåla.

Me ynskjer å fortelja om dei heilskapelege tankane som ligg bak desse framlegga, og inviterer til fire folkemøte:  

  • Onsdag 29. oktober: Granvin barne og ungdomsskule kl 18-20
  • Torsdag 30. oktober: Evanger skule kl 18-20
  • Tysdag 11. november: Vossestrand barne- og ungdomsskule kl 18-20
  • Onsdag 12. november: Voss ungdomsskule kl 18-20

Program:

  • Innleiing ved ordførar og rådmann
  • Presentasjon av framlegg til kommuneplanen sin samfunnsdel
  • Presentasjon av framlegg til ny barnehage- og skulestruktur
  • Spørsmål frå publikum

På alle møta vil representantar frå både politisk og administrativ leiing delta.

Du kan lesa framlegga her: 

Framlegg kommuneplanen sin samfunnsdel 

Barnehage og skule for framtida

Me håpar mange vil delta, og ynskjer alle velkomne

Tonje Ljones Såkvitne            Martin W. Kulild

ordførar                                  rådmann

Ragne Borge Lysaker