Kjære ungdomsforeldre!

Ungdomstida er ei spanande, men også utfordrande tid. Det er ei tid for utvikling, utforsking og lausriving. Som føresette er de dei viktigaste rettleiarane for ungdomen dykkar i denne fasen av livet. SLT-gruppa i heradet jobbar tverrfagleg for å førebyggja rus og kriminalitet, og skapa eit trygt oppvekstmiljø. I dette arbeidet er samarbeidet med dykk foreldre heilt sentralt.

Mange unge er nysgjerrige på alkohol og ser på det å eksperimenta med alkohol som ein del av ungdomstida. Me veit at alkohol aukar risikoen for ulykker, vald og overgrep, og at det kan opna døra for andre rusmiddel. Det er difor viktig at me vaksne set tydelege grenser og har gode samtalar med ungdomen.

SLT-gruppa har utarbeida eit sett med anbefalingar som skal gjera det lettare for føresette å setja grenser.

Saman kan me bidra til å skapa eit trygt og godt oppvekstmiljø for ungdomen vår.
Takk for at de er engasjerte foreldre!