
Gratulerer til Målfrid Vaksdal som har fått Miljøvernprisen til Voss herad. Denne får ho for sitt lange og gode arbeid på SFO på Gjernes med å redusera matsvinn.
Målfrid har laga henteavtalar med matbutikkar på Voss, der ho hentar mat som elles ville blitt kasta, og saman med elevane lagar gode og varierte måltid til dei som er på SFO.
Det heile starta som eit skuleprosjekt for fire år sidan som hadde om berekraftig utvikling. Prosjektet var så vellukka at Målfrid meinte at dette måtte ein halda fram med. Kvar måndag reiser ho saman med nokre elevar til butikkar å hentar mat som er på veg til å gå ut på dato, og saman med elevane lagar dei gode måltid av maten.
Målfrid fekk prisen på ei tilstelling torsdag, og me gratulerer med ein særs vel fortent pris.