Ordførar og varaordførar er valt
Tonje Såkvitne, Sp, er ny ordførar på Voss herad. Ho vart valt av heradsstyret under det konstituerande møtet torsdag 19. oktober. I same møte vart Benedicte Kragh, Ap, valt til varaordførar.
Sist endra 19.10.2023 15.55
Varaordførar Benedicte Kragh (t.v) og ordførar Tonje SåkvitneI løpet av det konstituerande møtet vart det også valt medlemer til både formannskap og ulike utval. Du finn desse medlemene under innsynsportalen når protokollen er ferdig.
Tidlegare ordførar gav ordførarkjedet til den nye ordføraren Tonje Såkvitne.