Roleg reperasjonsglede

Fire torsdagar i november har ein kunna høyrt taktfaste maskinmotorar slå frå Frivilligsentralen sitt lokale på Kulturhuset. Folkeverkstaden er berebjelken i Grøn november – månaden der ombruk vert sett på dagsorden som ei motvekt til Black Friday-hysteriet.

Lina Hamre

– Folk har med seg sine eigne prosjekt, så nokon har sydd badeponcho frå handklede, andre lappar hol på albogar og kne, og nokre prøver seg på redesign. Det er ganske stor breidde i arbeidet her, fortel ansvarleg for Folkeverkstaden, Kristine Akselberg i Voss herad.

I år har Folkeverkstaden slått seg saman med fleire samarbeidspartar. Fyrste torsdagen heldt DNT eit eige opplegg med reparasjon av turklede og -utstyr, medan Husflidlaget var involverte torsdagen etter. Dei to siste gongene har Akselberg hatt med seg klassar frå villmarkslinja frå Voss Vidaregåande skule for å læra dei materialkunnskap og enkle fikseteknikkar. Målet har vore å forlenga levetida på turkleda deira.

– Fleire av elevane var sikre på at det dei tok med hit eigentleg måtte kastast og var umogleg å reparera, men så fekk me det til saman, og dei var veldig stolte då dei gjekk herifrå med plagga sine, seier Akselberg.

Ho har hatt med seg Synnøve Balabanian og Liliia Vilshanivska som rettleiarar i Folkeverkstaden.

– Me krev ingen forkunnskapar frå dei som kjem hit, og då er det viktig at me kan hjelpa dei med alt frå å tre tråden på maskina til meir avanserte teknikkar.

Tilbodet har vore så populært og vellukka at Kulturavdelinga har bestemt seg for å fortsetja over nyttår.

Lina Hamre

– Det er mange som spurt om me kan halda fram, både fordi det er lærerikt og kjekt å vera her. Så over nyttår vil me ha open Folkeverkstad ein gong i månaden, og det gler me oss til, fortel Akselberg.

– Hugs å få med at folk må slutta å hiva holete ulltrøyer – bruk dei heller til å klippa ut lappar for å bøta andre holete ulltrøyer med, ropar ein deltakar i det underteikna forlét lokalet og gjev sygjengen arbeidsro att.