
Folkevalde ser kvar dag kva lokaldemokratiet betyr for innbyggjarane i Noreg.
Me vernar om ein sann og faktabasert debatt, respekt for kvarandre sine synspunkt og ein ærleg kommunikasjon med innbyggjarane. På den måten viser folkevalde at demokratiet fungerer. Det er viktig når me veit at altfor få av verdas befolkning no bur i eit liberalt demokrati.
Kommunar og fylkeskommunar står i omfattande omstillingar. Alle må førebu seg på at det kjem endringar framover. Det stiller store krav til folkevalde. Ein god og respektfull tone i krevjande debattar er ekstra viktig i ei tid med aukande sårbarheit for uønskt påverknad.
Folkevalde som går føre som gode rollemodellar, bidreg til å sikra demokratiet, både som styringsform og levesett. Slik byggjer me også den beredskapen som trengst for å stå imot krefter som vil svekkja demokratiet vårt.
Me seier ja til:
Faktabaserte og sannferdige debattar med god meiningsbryting og argumentasjon.
Me vil bidra med:
Openheit og kunnskap i diskusjonar og debattar.
Me skal bidra til:
Ein sakleg og respektfull tone også i digitale kanalar.
Me vil vera medvitne om:
Uønskt påverknad og desinformasjon i den offentlege debatten.
Me seier nei til:
Hets, mobbing, trakassering og personåtak.
Me skal visa respekt for:
Kvarandre sine synspunkt og ta avstand frå uakseptable ytringar mot andre folkevalde, uavhengig av politisk tilhøyrsle.
Me vil jobba aktivt for:
At flest mogleg brukar røysteretten, og at alle røyster kan bli høyrde.
Me skal jobba for:
Større tillit mellom innbyggjarar og folkevalde.