Ingen storehendingar i Voss herad enno
Det er ikkje registrert større hendingar i Voss herad i samband med ekstremvêret Jakob. Mannskap frå teknisk avdeling er i beredskap, og kontrollerer jamnleg kritiske punkt på kommunal infrastruktur.
Sist endra 31.10.2024 16.01
Det er mykje vatn i vassdraga, og det er venta at flaumen aukar utover ettermiddagen. Voss herad oppmoder alle om å halda grøfter og stikkrenner frie slik at vatnet kan renna mest mogleg fritt. Dei som har ståande verdiar i kjellarar eller andre stader som kan verta råka av flaum, bør sikra desse så snart som mogleg.
For å avlasta teknisk vakt vil sentralbordet til Voss herad vera ope for henvendingar mellom kl 20.00 torsdag kveld til 02.00 fredag natt. Sentralbordet når du på telefon 56519400.
Neste oppdatering frå Voss herad vert kl 22.