Oppdatering torsdag kl 21.25

Det er ikkje registrert større hendingar i Voss herad i samband med ekstremvêret Jakob i kveld, og alle tenester i Voss herad går som normalt. Skular og barnehagar held ope som vanleg fredag. Dersom situasjonen endrar seg, vil den enkelte skule eller barnehage informera føresette direkte.

Det er venta at regnet skal gje seg i natt, men det er framleis raudt varsel for både flaum og jordskred. Det betyr at vasstanden i elver og vassdrag vil halda fram med å stiga utover natta, kuliminasjon er venta i fredag føremiddag.

Faren for jordskred vil framleis vera stor, det er viktig å unngå ferdsel i bratt terreng og langs elver og vassdrag.

Me er glade for å sjå at fleire innbyggjarar har fylgd oppmodinga om å sikra verdiane sine. Det er framleis tid til å gjera tiltak, men pass på så du ikkje utsett deg for fare.

Det kjem ny oppdatering frå Voss herad fredag kl 08.