Dette vil verta vurdert utover dagen når heradet ser korleis flaumsituasjonen utviklar seg. Dei enkelte skulane og barnehagane vil melda dette til føresette dersom skulen eller barnehagen må stengja tidlegare enn vanleg. I samarbeid med føresette vil me avtale skyss til dei som har behov for det.
Eviny gjer sine tiltak i Voladammen, og melder i ei pressemelding at fyllingsgraden i dammen er 91 prosent. Kraftverket har auka produksjonen i fleire dagar for å ta unna vatn i forkant av ekstremvêret, og er også i ferd med å opna beredskapsluker slik at magasina får ein ekstra buffer mot dei store nedbørsmengdene som er venta.
Eviny meiner det framleis kan verta overløp i Voladammen, men ikkje like store flaumtoppar som i 2022. Selskapet meiner at tiltaka som er gjennomført gjer at situasjonen i Teigdalsvassdraget er betre enn under flaumen i 2022.
Kriseleiinga i Voss herad fylgjer situasjonen utover kvelden, og neste planlagde møte er torsdag kl 11.