Status fredag morgon kl 08

Flaumtoppen er nådd i Raudalselva, Strandaelva, Teigdalselva og Evangervatn. Vangsvatnet vil framleis stiga noko.

Det er så langt ikkje registrert skade på kommunal infrastruktur, men nokre eigedommar har fått vatn i kjellarane sine.

Barnehagen på Evanger er stengd, men resten av dei kommunale tenestene går som normalt. Evanger skule vert ikkje stengd.

Voss herad minner om at det framleis er svært stor skredfare, og oppmodar alle om å unngå bratt terreng og elveskrentar.

Voss herad sender no vasstankar til Kinsarvik, som er utan vatn grunna eit større vassleidningsbrot.

Kommunal kriseleiing har nytt statusmøte klokka 11.