Status torsdag kl. 13

Prognosane om nedbør har slått til, og det er venta at nedbøren vil koma som varsla også utover dagen, kvelden og natta. Det betyr at elvar og vassdrag vil få auka vassføring, og me ventar at flaumen vil ta seg opp.

Det er store lokale variasjonar i kor nedbøren kjem. Svært mykje av nedbøren kjem i fjelltraktene kring oss, men alt vatnet vil koma ned i vassdraga våre.

Drifta av tenestene i Voss herad går som normalt.

Kriseleiinga er kjent med at det har gått enkelte skred, og oppmodar alle om å vera førebudde på at vegar kan verta stengde, også førebyggjande grunna skredfare. Oppdatert informasjon er å finna hjå Statens vegvesen og 175.no.

Vy køyrer ikkje tog på Bergensbanen, meir informasjon om dette finn du hjå vy.no.

Kommunal kriseleiing planlegg statusmøte kl 15. Det er også planlagt møte med Statsforvaltar kl 18, med påfylgjande statusmøte i den kommunale kriseleiinga.