Intranettet vert ikkje oppdatert

Intranettet til Voss kommune eksisterer framleis. Men det vil bli fasa ut etter kvart. For tilsette på voss.herad.no skal erstatta intranettet, og vil innehalda personalhandbok, avvikssystem, personalnytt og lenkjer til ulike fagsystem. 

Intranettsidene vil ikkje verta oppdatert frå no. Innhaldet er sikra, men me ber om at ein ikkje legg ut nye dokument. Det gjeld også området Siste nytt, nye meldingar vert å finna her.  

Merk også at området For tilsette på nettsida til liks med resten av heimesida er ope for alle, ikkje berre tilsette i Voss herad.